|
|
Tilbake til
Startsiden |
![]() |
|
Foto: Torvald
Slettebø, Universitetet i Agder
|
|
|
|
Prestegjeld:
Valle Oppstigningen fra Valle er bratt og tung. Vegen går om den gamle såkalla «Byklestigen» der de gamle klyvveg til dels gikk i trin som ein stige. Den gamle Byklestigen vart skote bort under vegarbeid i 1875, men vart restaurert av Statens vegvesen i 1975. Naturen er stor og mektig. Her og der opnar dalen seg i venlege bygder med gåmål busetnad som i kyrkjebygda. Der ligg den særmerkte Bykle kyrkje, som har ei lang og interessant historie. Ho er nemnt i dei pavelege rekneskapsbøker frå 1320-åra og vert her kal la «ecclesia Byglom» (Byglom kyrkje). Der skal og ha høyrt beneficer! gods til Bykle. Truleg har det vore kyrkje i Bykle frå 1200-talet. Det er ikkje så mykje ein veit om den eldste kyrkja. I 1619 søkte kyrkjelyden bispen om løyve til å bygge kyrkja oppatt. Den må soleis ha kome i forfall åra i fyrevegen. Den nyoppbygde kyrkja fekk 3 messor i året og var i bruk like til 1804. Då vart den ombygd og fekk galleri i vest og nord, og elles sett i god stand. Bykle kyrkje er ei av dei minste i landet, ca. 11 m lang med koret. Den har våpenhus, men ikkje sakristi. Ho er kledd med tømmermannskledning som er kvitmåla. Taket er tekt med breide, tjærebreidde bord. Hovudtaket har firkanta tårn med valma tak og eit mindre åttekanta tårn oppå som er spontekt og har spir og hane. Kyrkjeskipet har to småruta vindaugo på sørsida og koret eitt. Kyrkjetenaren står inne i kyrkja når han ringer. Klokketauet har en vakker smijernsring i «stefansbragd». Den har ei lita kyrkjeklokke, men den skal vere «langhøyrt». Ho er støypt i Holland i 1683 og har innskrifta: Si Deus pro nobis, Quis contra nos? (Er Gud for oss, kven er da imot oss?) Den laftebygde kyrkja er oppført av solid tømmer. Kjem ein inn i kyrkja, skjønar ein snart at ho har eit særmerkt interiørav stor kulturhistorisk verdi. Det magetelgde tømmer har brunmåla brystning med akantusranker. Det er raulendingen Aslak A. Wasshus og Knut Å. Byklom frå Bykle som har stått for rosemåling og dekorering. Bjelken under korskillet har hatt måleri av to kongar, to dronningar og to kyrkjer. Ein av kongane har det lukkast å få fram att. Himlinga er mørk med stjerner og Kristus i sentrum i skipet Kyrkja vart fargerestaurert i 1935 under leiing av Ulrik Hendriksen. Altarbord, altartavle og preikestol er i renessanse frå 1650-åra. Altartavla har kannelerte flatsøylar og todelt midtfelt med måleri. Feltet til venstre viser Kristus som ber krossen, og til høgre Kristus på krossen. Under midtfelta er det tri skriftfelt, og øverst eit englehovud. Preikestolen har tri rundbogefelt med måleri på svart grunn: Markus, Lukas og Johannes. Døypefonten er frå 1600-talet. Bykle kyrkje har nå fått kyrkjeorgel på 4 stemmer. Elles kan nemnast at den vesle kyrkja millom fjella øvst i Setesdalen nå har fått - like ved sida av kyrkja - bårehus med sanitæranlegg og sakristi. Mange
er dei turistane som kvar sommar ser innom Bykle kyrkje og lyttar
interessert til omvisarens interessante innføring i Bykle-kyrkja si soge
- fortalt på ekte Setesdalsdialekt. «Det menneskelege i dimensjon og det
finstemde i detaljer og dekor gjer at ho har mykje å gje til den som stig
inn», seier Kyrkjedepartementets arkitektkonsulent Sigurd Muri. Og for
bygdefolket har ho vore samlingsstaden ættled etter ættled ned gjenom
tidene.
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
62.
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
63. |
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
64. |
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
65.
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
66. |
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
67. |
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
68.
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
69. |
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
70. |
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
71.
|
![]() ![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
72. |
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
73.
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
74. |
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
75.
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
76.
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
77.
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
78.
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
79.
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
80.
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
81.
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
82.
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
83.
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
84.
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
85.
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
86.
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
87.
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
88.
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
89.
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
90.
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
91.
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
92.
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
93.
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
94.
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder |
|
95.
|
|
Tilbake til
Startsiden |
|
|