|
Grindheim kyrkje
|
|
|
|
Kor lenge det har vore kyrkje her veit ein ikkje, men det har i alle fall vore ei kyrkje før denne. Om den gamle kyrkja heiter det i eit brev til sokneprest Søren Schive i 1781: «Om Kirkens Tilstand meldes at Bjelland, Grinnem og Åseral skal være meget brøstferdig.» Det blei også gjeve påbød om at kyrkjene måtte setjest i stand.
|
|
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Høgskolen i Agder |
|
Men i staden for å
reparera den gamle ville kyrkjelyden heller byggja ei ny og større kyrkje.
Og i eit brev datert 7. juli 1781 til prost Bugge heiter det:
«Stiftamtmannen og Biskop har intet imot at Grinnems Almue, som nu eier
kirken, vil bygge en ny og større kirke i stædet for den gamle.» |
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Høgskolen i Agder |
|
Det blei Arnt Listad frå
Konsmo som blei byggmeister for den nye kyrkja. Han var kjend som ein
uvanlig flink tømmermann. Og han hadde med seg «sognets egne Tømmermenn». |
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Høgskolen i Agder |
|
Kyrkja er laftebygd av rundtømmer som
skikken var i den tida. Om kyrkja seier Olav Seter: «Den er enkel, verdig,
korsformet og velproporsjonert.»
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Høgskolen i Agder |
|
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Høgskolen i Agder |
|
Men det som fengsler mest er den vakre
rosemålinga. Olav Seter seier det slik: «En fargerik og glad kirke, naiv
kanskje, men vakker og særpreget.» |
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Høgskolen i Agder |
|
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Høgskolen i Agder |
|
Meisteren for denne målinga er Tore
Asbjørnsen Risøyne frå Fjotland, Grunnmotivet i målinga er den kjende
akantusranka som er mye brukt i folkekunst i rosemåling og treskurd. Men
det er mange velkjende ting frå bibelen som Tore Målar har gjort levande
med sine fargar og strøk. |
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Høgskolen i Agder |
|
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Høgskolen i Agder |
|
Det var ein del som
arbeidde for å få måla over rosemålinga som dei meinte folk såg for mye på
under gudstenesta. Det er blitt hevda at ein kjend og akta mann Simon
Byremo, var den som fekk gjennomført overmålinga.
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Høgskolen i Agder |
|
Men det er og dei som
meiner at det kom påbod frå kyrkjeleg hald. Og i 1898 blei alt måla over.
Det var Ola Arnesen, Konsmo som utførde dette arbeidet. Samtidig blei
dørene til benkane tatt bort. |
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Høgskolen i Agder |
|
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Høgskolen i Agder |
|
Men det varde ikkje lenge
for det blei eit folkeønske å få att kyrkja som den hadde vore. Heldigvis
kunne overmålinga fjernast utan å ska rosemålinga. Og i 1941 blei kyrkja
restaurert. Det var Olav Seter som stod for det arbeidet. Den gamle benken
som står ved veggen bak altertavla skal vere frå den gamle kyrkja. Og kyrkjebøssa ved sida av utgangsdøra er og gamal. Ho har årstalet 1745.
Kyrkjeklokka har nok og kalla til gudsteneste i den gamle kyrkja. På
klokka står at ho er «omstøbt av Jacob Rendler ano 1760». Det blir fortalt
at då klokka skulle støypast om var Søren Schive tilstades. Han kasta ein
sølv spesidaler i støypemassen og så sa han: «Jeg ofrer en spesidalar
til», og kasta den andre daleren i. Ser vi framover, må ønske for framtida bli det som er uttrykt slik i songen til 200 års jubileet. «Også nye ætters steg leide du på kyrkjeveg!»
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Høgskolen i Agder |
|
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Høgskolen i Agder |
|
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Høgskolen i Agder |
|
|
|
|
Tilbake til Kirker |
Neste side |
|
Klikk på side
2, 3,
4, 5 |
||