|
Side 2 |
| Klikk på side 1, 2, 3, 4, 5 |
|
Torje Aagedal fortel om Risøyne og målinga hans:
Av Olav Seters skrift skal me berre ta med her noko han hermer etter
Gamleklokkaren, Torje Aagedal : «Han fortel om Risøyne, at han skulle vera
så flink til å syngja under arbeidet i kyrkja. En gang de roste min
oldefar, stortingsmann Ola Refsnes - 1815-16, lensmann i Grindheim og
Bjelland, for hans song, han var kjend for å ha fint mål, sa han: Det er
ingen ting mot han Tore Målar, når han begynte å rulle med de store
leppene sine. Når han sang på det beste, kunne de høre ham mangen gang
helt opp på kirkekleiva, aust for kirken».
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Høgskolen i Agder |
|
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Høgskolen i Agder |
|
I mange år stod så Risøyne si måling uendra, heilt til i 1861 då det ble ein del endringar. Det gjekk serleg ut over den djupblå altertavla, som blei måla kvit. Og så blei eit krusifiks og dei utskorne og måla 12 apostlane på altertavla fjerna. Krusifikset skal ha kome til Oslo, men kor dei 12 utskornne apostlane kom av, har ein ikkje høyrt noko sikkert om.
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Høgskolen i Agder |
|
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Høgskolen i Agder |
|
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Høgskolen i Agder |
|
Overmålinga i 1898. Det hadde nå gått over 100 år sidan kyrkja blei måla i dei blomstrande rosemålingsfargar, som var sett så høgt på den tid.
På kister, skåp - og ikkje minst ølskåler - skulle det rosemåling til. Ja,
mange dører, vegger og senger blei rosemåla heilt fram til 1860-70 åra.
Ja, ølskåler som hadde vore flittig brukt i dei 100 åra, blei ikkje lenger
nytta som før - nå blei dei berre brukte til pryd. |
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Høgskolen i Agder |
|
Det gjekk ein sterk motstraum mot det gamle tilvande i slutten av 1800 åra. Ein kan berre nemna at i mang ei stove med solide store og fine tømmervegger - serleg nystova - blei det med mykje arbeid sett på tapet.
Simon Byremo har med si gåve på kr. 100,- til overmålinga, blitt nemnd som
den som åleine dreiv dette igjennom. Nå var Simon i den tid på det
religiøse område nokså einerådande, men her var det ikkje berre tale om
kr. 100,- til han som gjorde arbeidet. Rekneskapen for 1898 viser at
målarsakene kosta kr. 278,-, og dei som laga stillaset for målaren fekk
kr. 74,-. Dei måtte låna kr. 300,- i sparebanken og kr. 80,- av
skulekassen for å gå gjort arbeidet. |
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Høgskolen i Agder |
|
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Høgskolen i Agder |
|
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Høgskolen i Agder |
|
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Høgskolen i Agder |
|
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Høgskolen i Agder |
|
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Høgskolen i Agder |
|
Det ville nok ikkje lenger vore passande med eit slikt rim. Det er såleis klart at heradstyret var einig i overmålinga - men at det var mange som var sterkt imot, er ennå i friskt minne.
Olav Seter har i sitt skrift om T.A.S. Risøyne fortalt noko om Ola
Arnesen, Konsmo, som i 1898 hadde arbeidet med å overmåla kyrkja. Det var
ikkje med i avtalen noko om å måla kyrkjegolvet. Han fekk difor tilbod om
at han for det arbeidet skulle få kyrkjebørsa - med dei skillingane som
var i den. Men så kom dei nok på at det ikkje var rett å ta den gamle
kyrkjebørsa frå kyrkja - og han fekk då kr. 5,- for dette arbeidet. |
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Høgskolen i Agder |
|
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Høgskolen i Agder |
|
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Høgskolen i Agder |
|
|
![]() |
|
Foto: Torvald Slettebø, Høgskolen i Agder |
|
|
|
Neste side |
||
|
Klikk på side 1,
2, 3, 4,
5, |
||